– Eg får ofte spørsmål om kva i livet mitt eg ikkje har skrive om, og då svarer eg sex, seier forfattaren, som er Noregs kanskje einaste litterære superstjerne.
Sjå Karl Ove Knausgård i samtale med Hans Olav Brenner i videoen over. Heile sendinga av «Brenner og bøkene» ser du på NRK2 kl. 20.55 i kveld.
– Umogleg å skildre sex med folk som finst i livet mitt
Knausgård har gjort seg kjend som ein grenseoverskridande forfattar. Alt i hans eige privatliv skulle tilsynelatande fram i eit nådelaust lys då han i eit rasande tempo gav ut dei seks mursteinstjukke binda om sin eigen kamp. Ekskone, tidlegare lærarar og nær familie har kjempa imot, og etter eige seiande kjende seg krenkte som ufrivillige romanfigurar.
Ordskifta har jamleg gått varme om kvar skilja skal gå mellom kunst og etikk, offentleg og privat. Og éin stad går grensa for kva han kan skrive om, seier Knausgård. Ho går ved skildringar av sex.
– Å skrive om sex kan ein gjere i vanleg romanform. Men når det gjeld levande menneske som eksisterer rundt om i livet mitt… å skrive om det kjendest heilt umogleg. Den intimiteten tilhøyrer dei to personane, seier forfattaren.
Syntest det var greitt å skrive om driting
At det handlar om fleire enn han sjølv, verkar å vere avgjerande for Knausgård, som med fjorårets essaysamling Sjelens Amerika fekk mykje merksemd for teksten «Den brune halen». Der legg Knausgård lite imellom når han skildrar det pinefulle og høgst private i å berre måtte kome seg på do.
– Eg kunne skrive om å drite, liksom, for det gjer eg aleine. Det er også noko ein gjer hemmeleg, når ingen ser på, seier han om essayet som først var meint for nettopp siste romanen i Min kamp.
– Men sex var vanskeleg. Så det eg har gjort er å skrive om ting som ligg langt tilbake, og folk er kamuflerte slik at det skal vere veldig vanskeleg å vite kven dei er, fortel Knausgård.
Eit lengre intervju med Karl Ove Knausgård blir seinare tilgjengeleg på tv.nrk.no.
No comments:
Post a Comment