Friday, December 12, 2014

Jorn turned on finishing in Idol – NRK

– Eg ser på dette som ein seier likevel. Å kome heilt til 2. plass i Idol er ein siger i seg sjølv, seier Jørn Trollebø Kvalheim rett etter at resultatet blei kjent.

23-åringen frå Vågsøy har sunge heile livet, men mest i dusjen som han sjølv seier det. Etter at to steget ut av dusjen, og kasta seg på Idol sirkuset har ført konkurrert ut 3500 personar for i det heil å kome med i programmet, og seinare har 10 finalistar gjennom hausten blir redusert til to der altså Ingvar Olsen trekte det lengste strået fredag kveld.



NØGD MED 2. PLASS: Jørn Trollebø Kvalheim.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Målet no er å få spelt inn noko av musikken min og gitt den ut.

Eit nummer for liten

Jørn heng slett ikkje med hovudet fordi om han blei nummer to. Det blei også ein av kveldens dommarar, Tone Damli Aaberge, då ho i si tid deltok i Idol.



OGSÅ NUMMER TO: Idol-dommar Tone Damli Aaberge.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det er klart det er kjekt med ein førsteplass, men eg trur ikkje det nødvendigvis treng å ha så mykje å bety. Det har vist seg tidlegare at ein kan få det til med både andre, tredje og fjerdeplassar, seier Tone Damli Aaberge.

– Ho har klart seg bra, ler Jørn.

Under vegs i fredagens finale hausta Jørn mykje skryt frå fleire av dommarane. Gunnar Greve Pettersen meinte han hadde den beste stemma i årets Idol-konkurranse

– Det er heilt sjukt. Eg hadde ikkje drøymt om å få slike tilbakemeldingar. Det er berre heilt vilt.

Mange støttespelarar

Jørn kan ikkje få fullrost dei mange støttespelarane som har følgt han gjennom tjukt og tynt denne hausten. For under kveldens finale var foreldra Jeanette og Jan Kvalheim på plass i salen,slik dei har vore kvar einaste fredag i heile haust.



STOLTE4 FORELDRE: Jeanette og Jan Kvalheim.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det var kjekt å sitte i salen og høyre han, og vi er veldig nøgde med 2.-plassen sjølv om vi sjølvsagt helst hadde sett at han vann, seier mamma Jeanette.

– Prestasjonen som han gjorde på scena i kveld vanvitig bra, så i mitt hovud så er han best, istemmer pappa Jan.

Også i heimkommunen hadde mange benka seg framfor TV-skjermen for å få med seg Idolfinalen. Over 700 hadde tatt turen til Nordfjordhallen for å dele oppleving der. Ei av dei var tanta til Jørn, Ingunn Kvalheim.



STOLT AV NEVØEN: Ingunn Kvalheim

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det blei litt antiklimaks. Eg hadde gode« vibbar» under vegs, og syntest Jørn gjorde ein kjempejobb. Det har vist seg mange gonger før at det er den som har blitt nummer to som har gjort det stort, og Jørn har jo ein ambisjon om å kunne leve av musikken.

Har løfta musikklivet i heimkommunen

– Det er klart at dette har vore med på løfte musikkinteresse i Vågsøy, når folk ser at det er mogleg, seier ordførar Morten Hagen (H).

Han og dei over 700 andre som i kveld hadde møtt fram i Nordfjordhallen for å følge Idolfinalen avslutta kvelden med kake sjølv om det ikkje heldt heilt til førsteplass for Jørn fredag kveld.

– Klart vi er litt skuffa, men Jørn er ein vinnar uansett, og eg syntest han var best i kveld.

LikeTweet

No comments:

Post a Comment