Thursday, March 10, 2016

“Game of Thrones” tab despondent after the demise of the Beatles producer – NRK



Plateprodusent George Martin blei 90 år, og gjekk bort 8. mars.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Det er mange som har eit sterkt forhold til the Beatles. Musikken til John, Paul, George og Ringo har gleda mange på tvers av generasjonar. Men då meldingane om at produsenten George Martin var død, var det ikkje alle som hadde fått med seg kven som var det femte Beatle, ifølge NME.

Familien til den legendariske plateprodusenten fekk mange kondolansar på Twitter, men det var også mange fans av fantasyserien «Game of Thrones» som var fortvila fordi dei trudde det var forfattaren George RR Martin som hadde gått bort.

Frykt for ikkje å bli ferdig

Bokserien hans har blitt umåteleg populær, ikkje minst etter at dei også blei til ein serie hos HBO. Men mange fryktar nettopp at han skal døy før han blir ferdig med den siste boka, og at ein difor ikkje får vite korleis det går.

Men både i tv-serien og i bøkene har det hendt at folk som er døde, som seinare viser seg å ikkje vere døde likevel.

Oppklaring

Fleire av dei som hadde gjort forvekslinga mellom plateprodusenten og forfattaren la seinare ut meldingar der dei takka for oppklaringa.

Forfattaren sjølv fekk også med seg forvekslinga, og kommenterte det på bloggen sin:

– Det er rørande å sjå kor mange menneske rundt omkring i verda som bryr seg så mykje om mitt liv og min død. Men eg må gå til Mark Twain og insistere på at rykta om min død er betydeleg overdrive.

LikeTweet

No comments:

Post a Comment