George Martin, ofte kalla «den femte Beatle», produserte nesten alle innspelingane til the Beatles og laga også orkesterarrangementet til låtane «Yesterday» og «A Day In Life». I tillegg var det han som gav gruppa platekontrakt då ingen andre ville gjere det.
I 1971 sa John Lennon i eit intervju følgande om rolla til Martin:
– George Martin gjorde oss til det vi var i studio. Han hjelpte oss til å utvikle eit språk og snakke med andre musikarar.
Beatles-trommis Ringo Starr var blant dei første til å kondolere:
Talentspeidar
George Martin blei født i London i 1926. Etter å ha tenestegjort i det britiske sjøforsvaret i 1947, studerte han piano og obo. Han fekk jobb i plateselskapet Parlophone, der han etter kvart fekk ansvaret for å finne nye talent.
Han var på jakt etter eit rockeband, og fekk høyre ein demo the Beatles hadde spelt inn for Decca Records. Han meinte det ikkje var særleg lovande, men inviterte dei likevel til ei innspeling i Abbey Road-studioet. Då likte han det han fekk høyre, og gav dei kontrakt.
Han blei ein viktig samarbeidspartnar for gruppa, og hadde også avgjerande kreativ innverknad på utviklinga av the Beatles, seier musikkvitar og førstelektor ved Westerdals ACT, Audun Molde:
– Det er ikkje mogleg å måle eller setje ord på kor viktig George Martin var for karrieren til the Beatles. Det er eit lykketreff av dimensjonar at dei ikkje fekk platekontrakt hos andre. Samarbeidet og kjemien mellom George Martin og the Beatles var heilt spesiell.
– Endra produsentrolla
I tillegg til å produsere, arrangerte han også fleire av låtane til the Beatles. Martin laga for eksempel orkesterarrangementa til «Yesterday» og «A Day in the Life». Det var også han som fann på å spele inn musikk baklengs for å skape ein psykedelisk effekt på «Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band». Han endra produsentrolla, seier Molde:
– Før 60-talet var musikkprodusenten ein innspelingsleiar og tilretteleggar. Etter Martin blei produsenten ei kreativ kraft. Martin gjekk inn og realiserte mange av dei ideane gruppa hadde.
Suksessrik
George Martin har vunne fleire Grammy-prisar. Og i 1996 blei han slått til riddar i Storbritannia. Han har også samarbeidd med artistar som Gerry and the Pacemakers, Kenny Rogers og Celine Dion. I 1997 produserte han Elton John si nyinnspeling av «Candle In The Wind» i samband med at prinsesse Diana gjekk bort.
I alt rakk George Martin å produsere over 700 album før han døydde. Han står også i Guinness rekordbok for å ha hatt over 50 plater som har blitt nummer 1 over fem tiår berre i USA og Storbritannia aleine.
No comments:
Post a Comment