Tuesday, January 26, 2016

Woody Allen Movies Miley Cyrus – NRK



Amazon har fått med seg Woody Allen på laget for å lage tv-serie.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

For første gong skal Woody Allen lage tv-serie for ei strøymeteneste. Serien han skal lage for Amazon har førebels ikkje noko namn, men skal gå føre seg på 60-talet, skriv Hollywood Dateline.

Allen har skrive manus, og skal i tillegg ha regi og spele i serien, som blir på seks halvtime lange episodar. Med seg på laget får han artisten Miley Cyrus og Elaine May, som også spelte i Allen-filmen «Småkjeltringer» frå 2000.

Kontroversiell

Cyrus slo igjennom som barneskodespelar med hovudrolla i Disney-serien «Hannah Montana». I tillegg har ho spelt i filmar som «The Last Song» og «LOL». I fjor spelte hos eg sjølv i filmane «A Very Murray Christmas» og «The Night Before». Dei siste åra har ho brukt mest tid på artistkarrieren, og har fått mykje merksemd for kontroversielle framføringar og lettkledde musikkvideoar.

Cyrus slapp nyheita om at ho skulle vere med i tv-serien til Allen med eit bilde på Instagram som viser eit portrett av Allen, som ho skriv ho har hatt over senga si i fleire år.

Angra på avtalen



Amazon-grunnleggar Jeff Bezos vil ta opp kampen med Netflix.

Foto: HANDOUT / Reuters

Amazon har dei siste åra gått frå å vere ein nettbutikk til å bli ein stor digital tilbydar. Dei har blant anna etablert ein videoteneste som har som mål å ta kampen opp mot Netflix i videostrøymemarknaden.

Woody Allen har over 40 kinofilmar på samvitet, men har aldri laga tv-seriar tidlegare. Men i fjor annonserte Amazon at dei hadde inngått ein avtale med Allen om å lage ein tv-serie. Men då Allen møtte pressa i Cannes i mai, sa han at han angra på avtalen.

– Det var ein katastrofal feil eg gjorde. Eg veit ikkje ein gong kva ein strøymeteneste er. Eg hadde aldri høyrt om Amazon.

Allen seier dei heldt fram med å mase og gjere avtalen stadig betre. Til slutt sa Amazon at dei ville gjere alt Allen bad dei om så lenge han laga seks halvtimar til dei.

Filminga av serien startar i mars, og skal etter planen ha premiere seinare i år.



‘Irrational Man’ med Joaquin Phoenix og Emma Stone er den førebels siste kinofilmen til Woody Allen.

Foto: Sabrina Lantos, Sabrina Lantos

LikeTweet

No comments:

Post a Comment